Drop-in-dåp i Ulstein kyrkje 16.09. kl. 16:00

Det kan vere du eller barna dine ikkje er døypt og du ønsker å gjere det enkelt. Berre kom!

En ungdom som lener seg over døpefonten får vann i pannen av presten som døper henne.

Då kan du eller de møte opp kl 16, men du må ha med gyldig legitimasjon og born under 16 år treng begge foreldra sitt samtykke til dåp. Drop-in-dåp er like stort, og sjølvsagt gyldig på same måte, som det å bli døypt i ei vanleg gudsteneste. Dåpen er ein synleg og konkret måte vi mottek Guds nåde, vert del av Guds rike, kyrkjelyden og medlem i Den norske kyrkja. Alle kan bli døypt på drop-in-dåp, så lenge du ikkje er døypt frå før. Når du kjem vert du registrert og så snakkar vi saman om korleis vi gjennomfører det. Vi har fine musikk-krefter i kyrkja denne dagen så dette kan bli veldig fint. Du kan ha med eigne fadrar, eller så kan kyrkja stille med fadrar for deg. Du kan ha med venner eller familie, eller du kan komme alene. Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret dersom du har nokre spørsmål kring drop-in-dåp.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"