Ulstein kyrkje står framfor eit krevjande haustsemester.
Vi ønskjer å få kyrkjelydsaktivitetane og kyrkjekaffen i gang igjen. For å følgje smittevernsreglane treng vi fleire frivillige som er med på samlingane og som hjelper med å følgje reglane, desinfiserer interiør og utstyr og andre praktiske oppgåver.
I vår lille kyrkje kan vi ikkje samle fleire enn rundt 95 enkeltpersoner. Vi treng difor å gjennomføre fleire gudstenester enn vanleg. Difor treng vi også fleire som er med som kyrkjevert og medhjelpar i haust. I tillegg er det mange av dei større gudstenester som skal streamast på nettet. Her treng vi fleire som kan styre kamera og overføringsutstyret.
Vi håper at du kan hjelpe oss med å kunne stille 1-2 gongar i løpet av hausten. Du forplikter deg ikkje til noko konkret når du fyller ut skjemaet. Vi kjem til å ta kontakt og spør om du kan hjelpe på ei konkret oppgåve.
Kyrkja treng di hjelp!
Vi ønskjer at kyrkjelydsarbeidet skal starte opp att i haustsemesteret! Sjølvsagt skal vi følgje smittevernsreglane. Difor vi treng vi fleire hjelpande hender.