Gudsteneste på Hatløya 2. juni kl. 12:00

Kvart år i juni har Ulstein KFUK-KFUM speidarane sin sommartur til Hatløya. Denne gongen inviterer Ulstein sokn til ei gudsteneste som speidarane er med å lage på denne perla i Ulsteinfjorden.

Gudsteneste på Hatløya 2. juni kl. 12:00

Alle er velkomne, og gudstenesta startar kl 12.00. Frå kommunekaia på Hatløya er det ca. 15 min gåtur langs stien på øya fram til plassen mot nordaustenden på øya (mot Holmesundet / konsholmen). Vi satsar på at dei som disponerer båt kan tilby plass til fleire. Meld gjerne til kyrkjekontoret både om du har plass eller treng plass på båten. Dersom det er trangt om plassen for båtar på Hatløya, kan ein legge til på Borgarøya. Det vil det då vere ein båt som går skyttel frå Borgarøya til Hatløya.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"