Første helga i november er det Helgemesse eller Allehelgen. Dette er ei helg med lange tradisjonar og mange følelsar knytt til seg. Vi minnast dei som har gått bort i takksemd og med sakn.
Laurdag 02.11.19 klokka 16.30 blir det ei samling i kyrkja for alle som har mist nokon av sine kjære i Ulstein siste året. Namnet på dei som er avlidne i Ulstein vil bli lest opp. Det vil bli musikk og song, ei andakt og høve til å tenne lys.
Samlinga er open for alle, og har du mist nokon som du var glad i, men som er gravlagd andre stader enn i Ulstein kan du ta kontakt med diakonen dersom du ønskjer namnet opplest.
Vel møtt!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.