Jazz & Koral held også i år konsert i Ulstein kyrkje på Allehelgensdag. Dei hadde sin fyrste konsert i Ulsteinvik i 2007 som eit prosjekt, og bandet har sidan då hatt mange vellukka kyrkjekonsertar i m.a. Ulsteinvik, Spjelkavik, Sandsøya, Voldsdalen, Sjøholt og Sæbø. Jazz & Koral byd i år på ein variert konsert med Bergsøykvartetten som inviterte gjestar denne gongen. Kvartetten består av Øyvind Granden Berg, Bjørn Holum, Sølvi Nerem Berg og Unni Kvamme, og dei vil bidra med flott, fleirstemt song ila kvelden. Vakre tonar lovar vi også når Øyvind Granden Berg skal spele fløyte saman med bandet.
Musikarane i Jazz og Koral er godt kjende i det lokale musikkmiljøet:
Ståle Helvig og Rune Ertesvåg let dei to svært ulike instrumenta kyrkjeorgel og gitar møte kvarandre for nye tolkningar av nokre av våre mest kjære salmar. Ann Cesilie Skundberg er gruppa sin faste vokalist. Bertil Tødenes og Jan Thormodsæter utgjer kompet i Jazz & Koral saman med Bjørnar Hovlid som trakterer pianoet.

Konserten vil gje rom for både glede og ettertanke, og alle er hjarteleg velkomne.
Entre kr. 200. Vel møtt.