Karine Sæter er busett i Ulsteinvik og gift med André Sæter og har eit barn. Ho er for tida i omsorgspermisjon.
Karine har erfaring frå arbeid i kyrkja, bl. anna som trusopplærar, vikar for ungdomsdiakon og i barnehagemedarbeidar. Ho har ein master i kristendom med fordypning i sjelesorg. Med i tillegg 2 år i profesjonsutdanning medisin, og årseiningar i psykologi og Kristen sjelesorg har ho mykje god fagkunnskap for å vere diakon i Ulstein.
Karine blir tilsett frå 1. september men kjem til å tiltre stillinga først etter permisjonstida er over.
Vi ønskjer Karine Sæter velkomen som ny diakon i Ulstein!
Det var 9 søkjarar til diakonstillinga. Det var mange med god kvalifikasjon og relevant erfaring blant søkjarane.