Dei er ingeniørar, lærarar, dataingeniørar og er no politiske flyktningar i Noreg. Om kort rid reiser dei til ulike kommuner i Noreg for busetting, men før dei reiste ville dei nytte høvet å fortelje om uretten deira landsmenn vert utsette for. Dei opplever at Tyrkia er stengt for kommunikasjon frå andre enn regimet, og at det er deira ansvar å gje stemme til dei stemmelause. Dei ber om at vi høyrer, at vi følger med på kampanjen deira for å få frigitt desse rettslause kvinnene og babyar, - og at vi ber for situasjonen.
I diakoniplanen for Den norske kyrkja er det fire hovudtema: inkluderande fellesskap, nestekjærleik, kamp for rettferd og vern om skaparverket. Difor gir det stor meining å lytte til livsfortellingar, og delta i nestekjærleik, og kampen for rettferd og fridom for alle menneske. Vi vil inkludere kunnskapen vår i preike og forbøn i komande søndag si gudsteneste, og oppmodar alle til å vere med å be for desse våre medmenneske .
Bilde: Sokneprest Margit Lovise Holte, foredragshaldar Gulnara Nadamova, diakon Ranveig Kaldhol. Bilde to: tilsette og deltakara frå gruppa.