Det var mange gode kjøp å gjere og motepraten gjekk livleg over fleire kaffikoppar.
Like imponert over at det er solgt så mange kjolar er vi over at det er så mange som har bidratt med å gi bort nokre kjoler til kjolerullinga. Det blei solgt mange godbiter som også har ei spanande historie å fortelje frå dagen desse har blitt brukte.
Ulstein sokn takkar for initiativet frå K-gruppen og engasjementet dei skapar med eit slikt arrangement. Og ikkje minst ønskjer vi å takke alle som har donert kjoler til årets kjolerullinga.
Dette er ein flott måte å bygge kyrkje og fellesskap på!
Pent resultat på kjolerulling
Årets kjolerulling gav eit flott resultat på kr. 35.000. Engasjerte damar frå KFUK-KFUM har i fleire veker samla kjoler for å selje og auksjonere dei bort laurdag, 9. juni for å kunne gi ei pengestønad til Ulstein nye kyrkje.