Jazz og Koral har som sitt varemerke å kreativt kombinere salmen og improvisasjons-kunsten. Det er sett opp eit program som spenner vidt både når det gjeld repertoar, instrumentasjon og tolkingsrom. Her blir det eksperimentell, moderne og tradisjonell korsong frå øvste hylle, folketonar, gospel og vise får boltre seg i jazzens strenge form- og fridomskrav og blir også utfordra til å klinge suggererande og rått med fuzzgitaren og full pedal på orgelet.
Musikarane er alle lokale: CorSonus med sin dirigent Iris Tangen Nanseth, Ann Cesilie Skundberg (vokal), Jan Thormodsæter (bass), Rune Ertesvåg (gitar), Bertil Tødenes (perkusjon og vokal), Bjørnar Hovlid (piano) og Ståle Helvig (kyrkjeorgel/piano).
Billettsal i kyrkjedøra: kr. 200,-
Konsert: CorSonus og «Jazz og Koral» Helgemessesøndag 5. november kl 20.00
Det er etter kvart blitt tradisjon med «Jazz og Koral» i Ulstein kyrkje Helgemessesøndag. I år blir CorSonus også med. CorSonus sine prestasjonar i Trondheim førre helg, har imponert, og no blir koret for fyrste gong å høyre i Ulstein kyrkje.