Første helga i oktober dreg Ulstein kyrkjelyd på hausttur i lag til Fjellsetra i Sykkylven kommune. Dette blir ei helg der vi byggjer fellesskap og blir betre kjend på tvers av generasjonar. Vi får mykje god tid i lag med nye og gamle venner. Kvar dag vil vi ha samlingsstunder, og det blir lagt opp varierte uteaktivitetar, mellom anna:
- Spektakulære turar i alpine fjell
- Vandreturar på gode stiar
- Joggetur for spreke damer
- Kanopadling på Nysætervatnet
- Tur med robåt
- Leirbål
- Kyrkjelydsmeisterskap.
Vi legg opp til ein leir som vil passe for alle aldrar, både barn, ungdommar og vaksne. Alle vaksne som er med vil få ei lita oppgåve, slik at vi fordeler oppgåver på alle deltakarane.
Priser:
familie: kr. 2500
vaksen: kr. 750
ungdom (11-18): kr. 600
barn (5-10): kr. 500
barn(0-4): gratis
Leiren er fullteikna - ta kontakt med kyrkjekontoret om du ønskjer å bli satt på venteliste.