SAKEN BLIR OPPDATERT FORTLØPANDE
12.03. Kl. 15:10:
---Kirkerådet har bedt alle kyrkjelydane om å avlyse alle gudstenester t.om. 26. mars ---
Ulstein sokn har utarbeidt nokre rutiner ved avvikling av gudstenester, gravferd, institusjonsbesøk og trusopplæringstiltak som skal minimere smittefaren.
Som kyrkje er vi ein aktør med ei brei kontaktflate utad. Dette forplikter oss i å ta smittefaren på alvor.
Vi er i tett dialog med kommuneoverlege i Ulstein for på vurdere gjennomføring av våre arrangement. Eventuelle endringar i våre tiltak kan skje på kort varsel.
Informasjon og svar på spørsmål rundt Korona- viruset og smittevern finn du på Ulstein kommune sine heimesider. Følg også folkehelseinstituttet sine råd for å unngå smitte.
Ulstein sokn sett i verk følgjande tiltak med tidshorisont fram mot påske:
- Alle gudstenester er inntil vidare avlyst. Vi arbeider med å finne muligheiter å bruke andre kanalar der ikkje publikum treng å vere fysisk til stades.
- Gravferd vil bli gjennomførte etter behov med minst mogleg deltakarar. Vi oppmoder om å finne andre moglegheiter til å vise medkjensle enn å delta i gravferda.
- vi vil kunne leggje til rette for minneseremoni i tida etter at restriksjonane er oppheva
- etter ønskje og i samarbeid med pårørande vi vil også opne for å kunne ta gravferdsseremoni opp på video. - Også dåp og vigsler kan bli gjennomførte med dei restriksjonane helsemyndigehetene gjev for å samle mennesker.
- Av omsyn til smittevern må vi vurdere muligheit for soknebod og heimebesøk med mulige alternativ i samråd med kommunelegen i dei konkrete tilfelle.
- Dei som har bestilt dåp fram mot påske vil bli bedt om å utsette det til eit seinare tidspunkt. Alternativt kan dåp bli gjennomført som enkel seremoni separat for kvar dåpsfamilie etter nærare avtale med kyrkjekontoret.
- Dei tilsette skal jobbe i størst mogleg grad på heimekontoret
- Alle samlingar i samband med trusopplæring blir utsett til seinare tidspunkt
- Byggeklossen open barnehage er stengt
- Påskevandringane blir avlyst
- Kyrkjelydsweeekenden er avlyst
- Gospelkokonserten blir avlyst
- Torsdagskveld på Fredheim blir avlyst
- Korøvingane ta ei pause fram til påske
Kyrkjelyden er oppteken av å kunne vere kyrkje for sine medlemar også i krisetider. Vi er tilgjengelege via telefon og på nettet.
- Kyrkjekontoret vil bli stengt for publikumstrafikk, men vi er tilgjengeleg via telefon i opningstid og via e-post.
- Vi legg til rette for undervisning for konfirmantar på nett
- Vi jobber med å finne alternative moglegheiter å vere kyrkje på via nett og sosiale media
Vi oppdaterer informasjon om tiltak jamleg på www.ulsteinkyrkje.no og på facebooksidene våre.
Det er ei krevjande tid for mange. Vi ber om kraft, visdom og styrke til å ta vare på kvarandre og oppmoder om å vise omsorg via telefon, internett og forbøn.
Ulsteinvik, 12. mars 2020 kl. 15:30 – Odd Arne Vikebakk, soknerådsleiar, Margit Lovise Holte, sokneprest Christfried Kaul, kyrkjeverje