Gjennom leirane på Kjeldsund fekk eg møte misjonærar og forteljingar frå fjerne land. Eg fekk synge og danse saman med unge menneske frå Kamerun og Madagaskar. Eg fekk delta på leirar saman med ungdomane i kyrkja i Kroatia. Eg har sunge «Navnet Jesus» på perespråket under stjernehimmelen i ein fjern landsby i Kamerun. Vennene eg traff i kyrkja i Australia for 28 år sidan er nære enno. Omsorga eg fekk frå mine venner i kyrkja i Thailand ber meg enno i livet. Å vere ein del av kyrkja er meir enn berre Ulstein, å vere ein del av kyrkja gjev oss sysken og fellesskap over heile verda.
Lat oss stå saman med våre systerkyrkjer i bøn og gjennom praktisk og økonomisk støtte.
«Vi må vere globale kristne med ein global visjon, fordi Gud er ein global Gud» John Stott