Kunngjering av nominasjonskomiteen si kandidatliste for soknerådsval 2023

Nominasjonskomiteen legg med dette fram si si kandidatliste for soknerådsvalet 11. september 2023. Soknerådet skal bestå av 8 faste medlemmer og 5 varamedlem der øvste vara møter fast (totalt 13 personar). Sokneprest er fast geistleg representant i soknerådet. Soknerådet er det øvste organet for Ulstein sokn. Kvart sokneråd er med å forme vegen vidare for kyrkja inn i framtida. Kandidatlista er samansatt av folk med ulik bakgrunn, alder og bustad i kommunen og representerer medlemmar i kyrkjelyden.

Kunngjering av nominasjonskomiteen si kandidatliste for soknerådsval 2023

Vi ønskjer å vere ei open og inkluderande folkekyrkje for alle som bur i Ulstein kommune, både til kvardag og fest, i sorg og i glede.

Soknerådet er styringsorganet i vår kyrkjelyd og har det strategiske ansvaret for å vere kyrkje lokalt. Soknerådet vert valt kvart 4. år. Inkludert kommunal representant blir soknerådet utvida til Ulstein kyrkjelege fellesråd, som har ansvar for økonomi, kyrkjebygg og gravferdsforvaltning. Ulstein kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar for dei tilsette, forutan sokneprest og kapellan som prost har ansvaret for.

Godkjent listeforslag for soknerådsvalet 2023, jr. kirkevalreglane § 7-6. Valstyret/soknerådet har vedtatt følgande listeforslag, ref sak S-2023/7: 

1. Odd Arne Vikebakk (1956), Ulsteinvik
2. Silje Kiperberg Aksnes (1982), Ulsteinvik
3. Øyvind Hagen (1987), Ulsteinvik
4. Cecilie Frantsen Skeide (1972), Ulsteinvik
5. Berge Myrene (1969), Flø
6. Ingrid Redse Mjaaseth (1981), Ulsteinvik 
7. Beate Hopland Langnes (1972), Skeide
8. Linda Hasund (1967), Hasund
9. Gunn Marthe Veddegjerde Pieroth (1969), Ulsteinvik
10. Monica Leine Tokheim (1977), Ulsteinvik
11. Janne Fylsvik Rønningen (1957), Ulsteinvik
12. Marianne Follesøy Kaldhol (1982), Ulsteinvik
13. Mali Åm (1971), Ulsteinvik

Valbarheit:
Valbare er alle stemmeberettiga som har fylt 18 år innan utgong av valåret (2023). Dei som er valbare, har plikt til å ta imot val, jf. kirkeordninga §9 tredje ledd og kirkevalsreglane § 3-1.

Fritak:
Rett til å krevje fritak for val til sokneråd har den som avgir skriftleg erklæring om at vedkomande ikkje ønskjer å stille til val på den aktuelle vallista.
Slik erklæring må settast fram innan den frist som soknerådet har satt, elles misser ein retten til å strykast frå listeforslaget. Den som unnlet å krevje seg fritatt frå å stå på liste, kan ikkje nekte å motta val, jf. kirkeordninga §9 fjerde ledd, jr. kirkevalsreglane §3-4.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"