Haustens første "Torsdagskveld på Fredheim" finn stad torsdag 29. august kl. 20.00. Då får vi besøk av Helge Simonnes, opphaveleg frå Vanylven, som 14. august i år gav ut boka «Kampen om korset i politikken». Boka vart presentert under Arendals-uka. Temaet for kvelden er «God bless America» – fake news som bana veg for Donald Trump til Det kvite hus. Denne kvelden gjev Helge Simonnes oss innsikt i kor farleg det er når religiøse argument vert nytta i politisk argumentasjon og propaganda. Bruk av åndeleg retorikk er effektfullt når politikarar spelar på nasjonalistiske strømmingar. Det forklarast kva ideologisk og teologisk jordsmonn det rørast i når det blir postulert at nokre raser og nasjonar er spesielt utvald til «Guds velsigning». Helge Simonnes (63) var gjennom 25 år sjefredaktør i avisa Vårt Land. Han er fortsatt aktiv samfunnsdebattant og har dei siste åra vore fast spaltist i Dagsavisen.
Temakveld med Helge Simonnes: "God bless America!"
Velkomen til "Torsdagskveld på Fredheim" 29. august kl 20.00 med Helge Simonnes!