Som i fjor blir det eit reint Bach-program, men heilt nytt repertoar. Dei fleste stykka er relatert til faste- og pasjonstida.
Av programmet kan nemnast dei 3 store Kyrie-koralane frå Orgelmessa, orgelkoralar relatert til kjende koralar, mellom anna «Av dypest nød eg rope må» (inspirert av Salme 130), «Jesus, livets sol og glede» og «Her ser eg et tålmodig lam». Elles står også det store A-dur-preludiet og fuga på programmet, samt den store Fantasien i c-moll
Det blir fri entre, men høve til å gje ei gåve til kyrkjemusikkarbeidet i Ulstein.
Velkomen til ein liten time med orgelmeditasjon.
Orgelkonsert i Ulstein kyrkje
Dagen før skjærtorsdag, onsdag 28. mars kl.18 held kantor Ståle Helvig orgelkonsert i Ulstein kyrkje. Verk av Johan Sebastian Bach. Dette er blitt ein tradisjon, og ein del av påskefeiringa.