Søndag 14.april
- Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!
Gudsteneste med dåp og nattverd kl.11. Vi feirar Jesu inntog i Jerusalem, og begynner reisen gjennom påskeforteljinga. Songgruppa LaKris syng og Kari Aske Osnes er vikarorganist.
Onsdag 17.april
Orgelkonsert kl.18 Onsdag i påskeveka tek organist Ståle Helvig oss med inn i Johan Sebastian Bach sin klangverden. Denne gongen framfører han verk frå "Orgelmessa". Dette er ein samling verk som er skreve rundt gamle salmemesse-melodiar. Fleire av desse lever idag, og er med i den nye salmeboka vår. Her er ordinarie-ledda med: Kyrie, Gloria, Credo og Agnus Dei. I tillegg skriftemålssalmen, dåpssalmen og Herrens bøn. Vel møtt til ein meditativ time i kyrkja.
Skjærtorsdag, 18.april
- Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera
På skjærtorsdag er det påskegudsteneste med nattverd på Sjukeheimen kl.16.
Det vil og vera påskeverkstad for born med baking av nattverdbrød og marmorering av påskeegg på Fredheim frå kl. 16:30. Påmelding til mobil: 91696820
I Ulstein kyrkje vil det bli fellesskapsgudsteneste med nattverd kl.18. Kva tyder det for oss i dag at Jesus vaska føtene til disiplane? Jesus gjev oss eit føredøme og ein viktig retning for kva kyrkja skal gjere og vere. På slutten av gudstenesta vert alteret avdekka og alle lys sløkt.
Etter gudstenesta samlas vi til kveldsmåltid på Fredheim. Alle er hjarteleg velkomne!
Langfredag, 19.april
- Krossfest! Krossfest!
Pasjonsgudsteneste kl.11 kor vi gjennom tekstlesing og musikk vandrar gjennom lidingshistoria. Tema for tekstmeditasjon vil vera Kristi liding i møte med vår liding. Vi syng salmar, høyrer vakre musikkstykker mellom tekstlesingane. Musikalske bidrag ved Påskekoret, Oline Sæverud Aksnes, Runa Husøy og Ståle Helvig. Kyrkjeklokkene ringer påskehøgtida inn.
Påskenatt, 20.april
- Dette er natta då Kristus braut dødens lækjer og seirande stod opp frå dødsriket
Vi feirar påskenattsmesse kl.23. Vi møter i ei mørklagt kyrkje ein time før midnatt og så tenner vi Kristuslyset og syng «Exsultet» som har røter frå oldkyrkja. Vi les om skapinga, lyset og oppstoda medan vi held våre stearinlys i hendene. Til slutt går vi ut på gravplassen og syng «Ljos over grav». Ei stemningsfull gudsteneste med ein sterk symbolikk og medidative songar leia av påskekoret.
Påskedag, 21.april
- Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid
Høgtidsgudsteneste kl.11. Vi feirar Jesu oppstode og livet som vant over døden. Lysa vert igjen tende i den mørkelagte kyrkja, alteret blir igjen duka og vi proklamerer i lag at «Kristus er oppstaden!» Vi syng våre kjære påskesalmar og feirar livet, fellesskapen og det kristne håpet! Det blir dåp og nattverdbordet blir duka. Påskekoret deltek og Runa Husøy spelar saksofon. Born som vil vere med å dekke alter og dele ut påskeliljer møter litt før.
Vel møtt til kyrkjepåske-feiring!