I år er det 250 år siden Ludwig van Beethoven vart fødd. Beethoven var eit geni og komposisjonane hans er framleis til stor inspirasjon for musikkarar verda rundt. Mange av komposisjonane hans er blitt klassikarar som trekker publikum til konserthusene.
Konserten Ulstein kyrkje inviterer til er open for alle og det er gratis adgang. Konserten er ei unik sjanse til å få innblikk i Beethoven sine komposisjonar for piano. Ståle Helvig er ein ypparleg pianist som vil framelske den klassiske kulturarv med denne konserten.
Det nye konsertpianoet vårt er ein førsteklasses Steinway&Sons og blei kjøpt i desember 2019. Det er ikkje heilt nedbetalt enda og vi voner at publikum kan vere med og gi ei gåve etter konserten.