Fredag 14. februar drar 55 konfirmantar på leir til Orreneset. Den store suksessen med leiren er at det er 10 – 15 ungdomsleiarar som er med på konfirmantleirene. Dei er teamleiarar, gode rollemodellar og den viktigaste faktoren for å skape god stemning og godt miljø på leiren. Men det kostar også ein del ekstra å ha så mange ungdomsleiarar med på leir - ca. kr. 1000,- per ungdomsleiar. Med to leirer per år er det eit behov for ca. 25.000 kr. i året. Vil du vere med og sende ein av desse leiarane på konfirmantleir i år?
VIPPS nr.: 567930
eller ta kontakt med kyrkjekontoret om du vil vere med på spleiselaget.
Gåva du gir gir rett til skattefrådrag (om du gir kr. 500 eller meir)