Stille time i opa kyrkje, mandag kveld
Korleis finn du ro i ein utrygg situasjon? Kanskje kan ein liten kveldstur innom kyrkja vere fint? Kyrkjeromet er romsleg og vi opnar det for ein Stille time, mandag 30. mars, frå kl. 20.00 til ca. kl. 21.00. Her kan du kome innom, tenne eit lys, sitje ned, tenke eller lytte til keltisk bøn og litt skriftlesing. Det vil vere mogleg å få snakke med nokon, då ein kyrkjeleg tilsett og vil vere til stades. Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine råd, samt kommuneoverlegens anbefalingar og påbod.