Ståle har vore på dei fleste toppane på Sunnmøre og kjem til å vise flott biletserie av sunnmørsk natur. Han vil og gi oss nokre perspektiv frå teologien om vår plass og rolle i skaparverket. Marit har vore aktiv i KFUK-KFUM sitt barne- og ungdomsarbeid i ungdomsåra, og er i dag både politikkar og småbarnsmor i permisjon frå jobben på Høgskulen i Volda. Marit vil utfordre oss i høve miljøutfordringane samfunnet vårt står over for.
Gratis inngong.
Ta gjerne med mat på fat til felles måltid.
Kollekt.
Torsdagskveld på Fredheim 9.november kl 20.00
På temamøte torsdag 9. november kjem søskenparet Marit og Ståle Aklestad til å stå for innlegget. Mens Marit har flytta tilbake til heimebygda Sæbø, er Ståle kapellan i Molde domkyrkje og busett der. Begge er engasjert på vegne av si tru og sin relasjon til den storslåtte naturen dei veks opp i. Tema denne gong er "Skaparverket er ikkje til sals".