I ei tid med mindre aktivitet enn vanleg, var det tydeleg at mange born sette pris på å kunne vere med på Tårnagentsamling for niåringar (2012-kullet) i kyrkja. Det var veldig kjekt å sjå borna utforske heile kyrkja, leite etter symbol og teikn, lære om historia og høyre bibelfortellingar. Borna var delt i grupper basert på kva skule dei går i, og følgde gruppene sine under heile samlinga. Dei vaksne som hjalp til måtte ha på munnbind, og passe på å halde høveleg koronaavstand. Mange av ungane syntest det var spennande med agentløype på Fredheim, og kanskje litt skummelt oppe på det mørke loftet. I kyrkja var det spennande å utforske den gamle altertavla, sjå etter gamle symbol og teikn på den rundt 500 år gamle alterkalken, og utforske både klokketårn og mørkekjellar. Høgdepunktet for mange var nok den heilt nye sklia, som fører gjennom ei lita luke oppe på kyrkjeloftet og ned til sakristiloftet. Kven skulle tru at kyrkja inneheldt slike hemmelege luker og gangar? Det kjennes godt å kunne ha slike samlingar i kyrkja igjen!
Tårnagentar i Ulstein kyrkje!
Endeleg fekk 9-åringane møtast i Ulstein kyrkje til Tårnagent-dag!