Vintertreff (VT) har både ein lang tradisjon, men er også del av eit nytt samarbeidsprosjekt kring undervisning og ungdom her på Søre Sunnmøre mellom kyrkjelydane i Sande, Herøy, Ulstein og KFUK-KFUM Møre og Romsdal.
Helga har eit program med mykje bra program og flotte muligheit å oppleve eit opent og engasjert ungdomsmiljø.
Å dra på ein slik ungdomshelg kan inspirere ungdom å engasjere seg i kyrkja eller KFUK-KFUM sitt lokale ungdomsarbeid også - eller kome i gang med Ten Sing.
Det er ingen krav til å opptre eller vere med i noko korarbeid for å delta. VT har mykje godt program også utanom song og musikk.