Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

2-års samling - bordvers på spisebrikke

2-års samling er eit nytt tilbod frå Ulstein kyrkje. Vi har fått laga ei spisebrikke som vi ønskjer å dele ut til ditt barn. Den har mange fine motiv på kvar side og vi håper at den kan vere i dagleg bruk.

Spisebrikka vil vere ei lita påminning om å lære borna bordbøner og songar. Spisebrikka er personleg, med barnet sitt namn og dåpsdato.

Samlinga finn stad i salen på Fredheim. Det vert ei kjekk lita songstund med utdeling av spisebrikke og felles lunsj. Nokre konfirmantar har ansvar for ein liten leikekrok i første etasje for eldre søskjen under samlinga.

Tilbodet er gratis, men vi sett pris på om du har høve til å bidra med kr. 50 per familie til å dekke kostnadene ved lunsjen. Her kan du bruke kontant betaling ved oppmøte eller Vipps 80743 Merk: 2år + barnet sitt namn.

Det er høve til å kjøpe spisebrikke til eldre søsken under samlinga.

Hausten 2018 er samlinga på laurdag, 22. september.
Dei som er fødde i tidsrommet 1.1.2016 - 30.06.2016 møter kl. 11:00 og avslutter med lunsj
Dei som er fødde i tidsrommet 1.7.2016 - 31.12.2016 møter kl. 12:00 og startar med lunsj (ferdig ca. kl. 13:00)

For å kunne førebu samlinga og handle mat ønskjer vi påmelding innan 20.september 2018

Påmelding:

barnet tek del på samling som byrjar
Tilrettelegging. For at barnet ditt skal ha best mogeleg utbyte av arrangementet, kan det vere ting vi må vite om t.d. matallergiar. skriv det her eller ta kontakt med oss.
Ulstein sokn kan bruke bilete til informasjonsarbeid der barnet mitt er godt synleg, utan namn?
bildetaking
Ulstein sokn brukar opplysningane frå dette skjema utelukkande i samband med arrangementet påmeldinga gjeld.
Samtykke om bruk av brukardata

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997