Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Dåpsskulen for dei som er født i 2013. Januar-februar 2019

2019 er eit spennande år for alle som skal byrje på skule! Om du har lyst, kan du allereie i januar vere med på Dåpsskulen i Ulstein kyrkje. Alle 6 åringar er velkomne til å bli med på dåpsskulen! Då lærer vi om kvifor vi er døypte!  Vi lærar meir om kyrkja vår, høyrer historier frå Bibelen, leikar og syng.    Vi startar og avsluttar Dåpsskulen med å delta på gudsteneste, På den siste kan dei som vil få vere med å hjelpe til. Etterpå blir det fest på Fredheim der alle på Dåpsskulen får utdelt eit diplom.

Dåpsskulen har 5 samlingar i løpet av januar/februar den startar og avsluttar med ei barnevenleg gudsteneste.

PÅMELDINGSSKJEMA nederst på denne sida. 

Viktige datoar for dåpsskulen i 2018

Onsdag 9. januar kl. 20.30 - Infomøte for føresette

Søndag 13. januar kl. 11.00 - Oppstartsgudsteneste. Utdeling av 6-årsboka

Onsdag 16. januar kl. 17.30 -1. samling. Tema: Kyrkja

Onsdag 23.januar kl. 17.30 - 2. samling. Tema: Sakkeus

Onsdag 30. januar kl. 17.30 - 3. samling.  Tema: Bartimeus    m/ kveldsmat. 

Onsdag 6. febuar kl. 17.30 - 4. samling.  Tema: Påskevandring

Medan borna er med på dette inviterer vi  dei vaksne som har lyst, til ein "liten“dåpsskule” for vaksne,
på galleriromet i kyrkja. 

Onsdag 13. febuar kl. 17.30 - 5. samling. Tema: Jesus stiller stormen

Søndag 17. februar kl. 11.00  - Avslutningsgudsteneste og avslutningsfest på Fredheim.

 

Det er fint om ein vaksen er med. Om ikkje mor eller far kan, kan de til dømes spørje ein forelder, fadder tante eller bestefar, kan vere med.

Påmelding på nettsida til Ulstein sokn: www.ulsteinkyrkje.no

Påmelding: Vi har plass til mange så meld dykk på!!

Dåpsskulen er eit tilbod i kyrkja for barn som fyller 6 år i 2018.  Ulstein sokn har ein trusopplæringsplan frå dåp til 18 år. Ved å følgje denne, vonar vi at barnet dykkar får ei god innføring i den trua dei er døypte til.  Sidan 2003 har iallefall halvparten av 6 åringane vore med på dåpsskulen!  Barnet får best utbyte av å vere med på alt, men dagane er travle og om det ikkje skulle passe ein dag så sender de berre melding til Beate eller Bjørn.

Tryggleik. Vi i Ulstein kyrkje ønsker å lage gode arrangement der borna føler seg sett og er trygge. Det krevst politiattest ved tilsetting for dei som skal jobbe med barn og unge Ulstein  sokn. 

Eigenbetaling: Vi set pris på at dei som kan, betalar kr. 100. Dette går til bok og andre utgifter knytt til Dåpsskulen.   Vipps til 80743.  Merk med “Dåpsskulen” og namn på deltakar. Eller kontant i konvolutt merka barnets namn.

Kontakt oss gjerne om de lurer på noko eller om det er noko de tenkjer det er greitt at me veit om. Når vi veit, kan vi legge til rette for barnet ditt, så opplevinga blir god. 

Velkomen til 5 onsdags samlingar og 2 kjekke samlingar! Om det er noko de lurar på så er det berre å ta kontakt med. Bjørn Losvik. Medarbeidarane på Dåpsskulen blir dette året Bjørn Losvik, Wendi Stråbø og  Ståle Helvig

 

Bjørn Losvik; tlf. 90580051              Ulstein kyrkjekontor; tlf. 70017680

bl669@kyrkja.no                               ulsteinpost@kyrkja.no

 

PÅMELDINGSSKJEMA


Tillating til å sende informasjon om trusopplæring og andre tilbod som passer for barnet ditt til din epost adresse.
Bruk av bilde til bruk i Ulstein sokn sitt informasjonsarbeid der barnet mitt er godt synleg
tillating

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 8647.11.18240
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997