Solidaritetsgudsteneste 2024
Vel møtt til den tradisjonsrike Solidaritetsgudstenesta, eit samarbeid mellom KnarvikMila og Knarvik kyrkje. Den går av stabelen i Knarvik kyrkje, søndag 1.september kl. 18.00. I år er temaet: «Menneskeverd i krig og konflikt: Vår lokale historie og notida sett i samanheng» Det vert gode songar, bibellesing, bønevandring og ein sofasamtale over temaet med gjesten Arnold Matre, avdelingsleiar på Bjørn West-museet på Matre.