Eg er ikkje medarbeidar og vil varslaFor deg som ikkje er medarbeidar, men for eksempel har døypt barnet ditt, vore på ei gudsteneste eller delteke i ei gravferd. |
Eg er medarbeidar og vil varslaFor deg som er frivilleg, tilsett, lærling eller har praksis i Den norske kyrkja.
|
Den norske kyrkja skal vera ein god stad å vera for alle. Kyrkja skal vera ein trygg og open arbeidsplass. Både tilsette og frivillege i kyrkja har rett til å varsle om kritikkverdige forhold. Målet med å varsle er å seia frå. Då kan de ansvarlege gjere noko med det som har skjedd og hindre at det skjer igjen.
Du kan gjerne spørje nokon du stolar på om hjelp dersom du synest det er vanskeleg å seia frå sjølv. Er du ansatt kan du også snakke med tillitsvald eller verneombod.
Alle kan varsle, både tilsette, frivillege og dei som tek del på eit arrangement. Arbeidsmiljøloven omfattar deg som utførar arbeid for Den norske kyrkja, anten du er tilsett, lærling, i praksis eller frivilleg.
Om du ikkje har eit arbeidsforhold i kyrkja, men t.d. tek del på eit arrangement, er du oppfordra til å varsla om kritikkverdige forhold.
Du kan varsle ved å bruke varslingsportalen. Då kjem du til ei side som heiter Mittvarsel, der du legg inn varselet digitalt. Du kan velja om du vil formidla varselet munnleg eller om du vil skrive det ned.
Kva seier lovverket om varsling?
Kritikkverdige forhold kan vera:
- Lovbrudd
- Seksuell trakassering
- Mobbing
- Rasisme
- Diskriminering
- Økonomisk utruskap
Arbeidsmiljøloven omfattar deg som utfører arbeid for Den norske kyrkja, anten som tilsett, i praksis eller som frivilleg. Som ekstern person, for eksempel deltakar i dåp, bryllaup eller andre aktivitetar, har du også rett til å varsle.
Kva skjer etter at eg har sendt inn varsel?
Du kan vera sikker på at saka di vert handsama raskt og på ein trygg måte. Etter at du har sendt inn eit varsel digitalt vil følgjande skje:
- Når du varslar digitalt via MittVarsel.no vil du få kvittering på e-post. Her ser du ditt personlege brukarnamn og passord, som du kan logge deg inn med seinare.
- Innan 8 dagar vil du få svar frå oss om at varselet ditt er motteke og vil verta handsama.
- I mange tilfelle vil sakshandsamar trenge meir informasjon frå deg. Når du logger deg inn i portalen kan du sjå om det er koma spørsmål til deg.
- Det er viktig å beskytte alle som er involverte i ei varslingsak. Du vil få melding når saka vert avslutta, men du får ikkje innsyn i sjølve sakshandsaminga.