Gravferd i Alver

Hovedbilde for tema

Håpet er tent i liv og død. Ingen er glemt av Gud.

Mange praktiske spørsmål melder seg i samband med ei gravferd. Dette kjem i tillegg til tapet av ein kjær. Vi vil her gje svar på nokon av dei praktiske spørsmåla. Andre spørsmål vil vere naturleg å ta opp i samtale med presten eller med gravferdsbyrået før gravferda.

Kyrkjeverja i Alver har forvaltningsansvaret for gravplassen på vegne av alle innbyggarane i kommunen. Kyrkjegarden har lokale vedtekter (sjå vedlegg) og drifta er også regulerte av gravferdslova og forskrifta til gravferdslova. Kistegravferd er det mest vanlege i Alver. Men vi ser også at det er fleire og fleire som vel kremasjon.

Nokre gonger er det ikkje avsett plass til å begrave fleire kister i same gravstad, eller det fins andre grunnar til å vurdere kremasjon. Alle, uansett trussamfunn, livsyn eller kulturell bakgrunn har rett på fri grav i sin eigen bustadskommune. Viss den som er død har vore busett utanfor Alver kommune, kjem det avgifter for å ta i bruk ei grav i Alver. Viss ein også vil bruke kyrkjerommet til seremonien, vil det medføre leigekostnader. Er ein busett i Alver og medlem av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan kyrkja leigast til bruk til seremoni etter avtale.

Kontakt