Konfirmant 2025-2026?

Konfirmant 2025-2026? Meir informasjon kjem veldig snart, og dersom du er medlem i Den norske kyrkja får du invitasjon i posten. Påmeldinga opnar april 2025. 

Påmeldingsfrist: 22. august 2025

Konfirmantavgift: (kjem tilbake til sum)
Dette inkluderer mat på alle samlingar, leir og andre naudsynte utgifter.
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å vera konfirmant. Ta kontakt ved behov, så finn me ei løysing.

Infomøte
Det vert informasjonsmøte for føresette og konfirmantar onsdag 20. august kl. 19.00 i Knarvik kyrkje.
Der vil de få vita meir om året som ligg framfor konfirmantane, meir om innhald, praktiske ting, og kan få stilla alle dei spørsmåla de ønskjer. 

 

Presentasjonsgudstenester:

  • 31.august kl. 11.00
    Alversund kyrkje 

  • 14.september kl. 11.00
    Seim kyrkje 

    Konfirmantar på Seim og Lygra

  • 21.september kl. 11.00
    Knarvik kyrkje 

Kan du ikkje den dagen det er i di kyrkje kan du koma ein av dei andre dagane - men hugs å gje beskjed til kateket Nina Jenny, slik at me veit kvar du skal presenterast. 

 

Konfirmasjonsgudstenester:

  • Knarvik: søndag 3.mai 2026
  • Seim og Lygra: søndag 10.mai 2026
  • Alversund: laurdag 30.mai 2026
  • Alversund: søndag 31.mai 2026

Tidspunkta kjem me tilbake til når me ser kor mange som ønskjer dei ulike datoane, og kor mange gudstenester me treng kvar dag. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"