- Du kan ordne avtale via VIPPS, trykk HER.
- Eller du kan ordne med fast trekk i banken til kontonummer 3633.67.39882 KNARVIK SOKN. Då kan du fylle ut svarslippen som du finn som vedlegg nedanfor og levere den til kyrkjekontoret. Viss du ønskjer skattefrådrag må du oppgje personnummeret ditt.
Vi tek sjølvsagt imot enkeltgåver også. På VIPPS-nummer 56789 Knarvik sokn (der kan du også få skattefrådrag) eller til konto 3633.67.39882.
Mykje flott skjer! I Lygra, Seim, Alversund og Knarvik!
Trusopplæringa er prioritert: Allereie har me Babysang, KyrkjeGym, Knøttekor, SingSingeling, SingOut, Speidar, Tårnagent, LysVaken, Fredagsklubben, Konfirmantundervisning.
Framover ønskjer me å utvikle ungdomsarbeidet, ikkje minst leiartreninga.
Å GJE = TENESTE
I kyrkjelyden vår har me tre typar frivillig teneste: Forbøn, arbeid og gjevarteneste. Korleis me vektar desse varierer utifrå kvar me er i livet.
Meir av alle tenestene er flott. Hovudfokuset no er like fullt føreseieleg, regelmessig inntekt. Har du anledning til å melda deg til fast gjevarteneste, set me stor pris på det! Slik kan me saman halde fram å formidle Jesus til barn og unge.