Dersom du gjerne vil melde barnet til dåp på ein særskilt sundag, men opplever at det er fullt, må du gjerne ta kontakt med oss om dette. Datasystemet vårt opererer ikkje med ventelister, men i ein samtale vil vi prøve å finne gode løysingar. Kanskje kan vi ha dåp etter ei vanleg gudsteneste, eller vi kan få med fleire dåp enn vi først hadde opna for.
Sjå kontaktinfo under fanen "Om kyrkjelyden" øverst på nettsida vår.