I kyrkja får familien ein vakker seremoni som feirer at eit lite barn er komen inn i familien.
I dåpen trur vi at vi får del i Jesu frelsesverk og blir Guds barn. Dåpen er difor ”inngangsporten" til livet saman med Gud. Normalt feirar vi dåp i samband med gudstenesta med heile kyrkjelyden til stades, og slik blir barnet også innlemma i den lokale kyrkjelyden. Samstundes blir barnet ein del av Den norske kyrkja og Guds verdsvide kyrkje.
For å melde opp til dåp må du gå til påmeldingssida. Den inneheld oversikt over ledige dåpsdatoar, og du kan legge inn alle opplysningar vi treng for å få meldt opp ditt barn til dåp.