Besøk frå Nepal og Himalpartner

I dag (24.09.18) fekk vi flott besøk på kyrkjekontoret.

Frå v: Kristin Austegard,Ruben Sæle, Ramu Rayamajhi, Oddny Aspenes, Anne Marit Fosse Dahle., Linda Lunga Foto: Anne S. Uthaug

 Ramu Rayamajhi, som leier Bethesda, senter for sjelesorg, eit av misjonsprosjekta våre, saman med Mirjam Bergh, tidlegare misjonær, som starta senteret og leia det fram til 2016, Oddny Aspenes som er tidlegare lærar på den norske skulen og no frivillig i Himalpartner sitt arbeid og Himalaya Reiseklubb som arrangerer turar til Nepal knytt til Himalpartner sitt arbeid.  Kristin Austegard var lokal vertskap for følgjet.

Vi hadde ein fin samtale og fekk vite mykje om kva Bethesda jobbar med, metodikk og finansiering. Det var fint å få møte dei som jobbar og brenn for Bethesda - det vart levandegjort for oss kva problem kyrkjeleiarane i Nepal har som utfordringar, i dei lokale kyrkjelydane og at dei får hjelp til å møte det med kjærleik, lyttande øyre og respekt gjennom Bethesda si undervisning. Kyrkjekontoret kjem til å få aktuelle bønneemne frå Bethesda tilsendt frå no av, så ta kontakt om du er interessert i å motta og vere med i bønetenesta.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"