Årets aksjon heiter "Gje eit liv med vatn". Aksjonen fokuserer på Kirkens Nødhjelps vatnarbeid, og korleis klimaendringane skaper fleire og verre katastrofer. Pengane går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda, og vil blant anna bidra til at organisasjonen raskt kan stille med reint vatn når katastrofer rammer.
Reint vatn reddar liv. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofer. Difor håpar vi at folk tek godt imot konfirmantane og har pengane klar når dei kjem med bøssene.