Tusen takk til alle som har gått med bøsser, kjørt bøsseberarar eller jobba på andre måtar for å få Kirkens nødhjelp sin fasteaksjonen i havn søndag 18. mars! Og sjølvsagt tusen takk til innbyggjarane i Meland som tok godt imot bøsseberarane og har gitt pengar i bøssene! Totalt kom det inn kr. 46 416,- i kontantar. Gav du med Vipps, bankkonto eller sms kjem det i tillegg. Pengane går mellom anna til reint vatn i flyktningleirar og andre stader der ein ikkje har tilgang på det. Du kan lese meir om arbeidet til Kirkens nødhjelp her: www.kirkensnodhjelp.no
Dessverre har vi ikkje vore mange nok bøsseberarar til å dekkje alle stadar i Meland. Men det er framleis mogeleg å gje! Sms GAVE til 2426 (200kr), Vipps valfritt beløp til 2426 eller bruk Kirkens nødhjelp sitt kontonr 15942287493.