Fakta: Offentleg ansvar for kyrkje og kyrkjebygging

Sjølv om kyrkja og stat held på å skilje lag, så er økonomien til Den norske kyrkja framleis ganske avhengig av stat og kommune. Det er nedfelt både i Grunnlova og i Kyrkjelova. Å bygge kyrkje er også ein del av kommunen sitt økonomiske ansvar.

Generelt om stat og kommune sitt ansvar

I grunnlova § 16 står det slik «Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten». 

Kommunane har ansvar for å gje tilskot til den lokale kyrkja ifølgje Kyrkjelova §15. https://lovdata.no/lov/1996-06-07-31/§15. Det går til bygging og vedlikehald av kyrkjebygg, administrasjon og kontorhald, drift av kyrkjegardsadministrasjon og dei fleste av stillingane i kyrkjelyden og utanom prest og stillingar som er lønna av gåver eller andre inntekter.

Staten har ansvaret for å lønne prestane, biskopar og hans stab i bispedømeråda og kyrkjerådet. Kyrkjelova § 2a  Lokalt får vi gjennom bispedømet eit tilskot som skal gå til trusopplæringstiltak for alle døypte medlemmer mellom 0-18 år. Det skal erstatte kristendomsundervisninga som tidlegare var i skulen.

Kyrkjebyggingsansvar

I kyrkjelova § 21 står det at det skal byggast ny kyrkje «når (…) på grunn av vesentlige mangler er ubrukbar og ikke kan utbedres, når den under vanlige gudstjenester ikke gir tilstrekkelig plass for de kirkesøkende og ikke hensiktsmessig kan utvides.» Det skal også byggast viss soknet ikkje har plass til ein tidel av medlemmene i soknet. Nye kyrkjer skal ha plass til mellom 200-500 sitteplassar. 

Kjelde: Noregs lover - www.lovdata.no 

 

 

Anne Sofie N. Uthaug, kyrkjeverje

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"