Løvegjengen vert delt inn i to grupper. 1-6 år og 6-12 år. Vi har ulikt program med forteljingar om Jesus, sang, bøn og leik. Gruppa for det minste borna heldt til i "Løvehola", som er eit bygg rett atmed kyrkja. Dei eldste borna heldt til i Kyrkjestova, som ligg rett oppanfor kyrkja, eller i gapahuken litt lenger opp i bakken. Der tenner vi ofte bål, og griller pølser eller har noko anna godt. Dette er frå born som går på skulen og oppover.
Løvegjengen
Løvegjengen er Meland Kyrkje sin søndagsskule. Når gudstenesta er i gang, kjem Løva og hentar dei borna som vil vere med i Løvegjengen. Der høyrer vi forteljingar om Jesus, syng, ber og leikar saman.