Rosetenesta har vore i gang sidan 80-talet. Ved runde dagar, 80, 85 og 90, det vert delt ut roser. Men etter 90 skal det delast ut kvart år. Eit tjuetals frivillige tek med seg ei rose og går på besøk til dei eldre i samband med fødselsdagen.
Vi har, av praktiske grunnar og av respekt for val personar tek med omsyn til livssyn, berre delt ut til medlemmer i Den norske kyrkja.
Viss du har lyst til å vere med og glede nokon på denne måten, så er det plass til deg også som medarbeidar. Ta kontakt om du er interessert.