Samvera er lagt til Nordhordland folkehøgskule, 1. torsdag i månaden 8 - 9 gonger i året og samlar folk frå heile regionen. Frammøtet varierer noko, men ligg på 60-90. Det vert servert middag kvar gong, og folkehøgskulen leverer maten. Pynting av bord og lokale er viktig. Seniors er fest, og trivselsfaktoren høg!
Programmet er gjerne eit foredrag eller kåseri før middagen. Og det vert lagt opp til variasjon i tema. Eit kunstnarleg innslag høyrer gjerne med. Song og musikk er ein viktig del av programmet. Samvera blir avslutt med eit ord for dagen, eller ein andakt.
Senior’S er ikkje berre for “eldre”, eller for pensjonistar. Folk i alle aldersgrupper er velkomne.
Tiltaket er organisert med ei arbeidsgruppe som står for praktisk tilrettelegging av samvera og som samstundes er generalforsamling og vel styre.
Seniors-samlingane blir annonsert i lokalavisene. Nedanfor finn du siste program.
Kontaktperson Victor Bakke: 99617583