Biskopen utset visitasen

Grunna situasjonen med korona, vert bispevisitasen i Osterfjorden og Mo sokn flytta til eit nytt tidspunkt.

Biskopen utset visitasen

Visitas

Formålet med bispevisitasane er å legga forholda til rette for aktivt engasjement og stadig fornying i kyrkjene våre. Vidare å støtta, inspirera og rettleia kyrkjelydar og tilsette, og gjera kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet. Dei er eit institusjonalisert og rettsleg ordna besøk for å utøva kyrkjeleg tilsyn, med særleg vekt på på forkynninga av Guds ord i soknet.

Saman med sokneråd og tilsette skal biskopen under visitasen gå inn i eit felles arbeid for å prøva kyrkjelydslivet på Guds ord og kyrkja si vedkjenning, og inspirera til frimod og fornying. Kyrkjelyden sitt arbeid skal også vurderast opp mot dei planar som ligg føre frå kyrkjelege organ.

 

Programmet

Vi ønskjer at biskopet sjå både Mo, Vike og Ostereidet kyrkje og Hjelmås kapell. Av programmet kan vi nevne samtalar med tilsette, sokneråd, fellesråd og kommune, og representantar for ulike arbeidsgreiner. Det blir medarbeidarsamling og samrådingsmøte, og gudsteneste i Mo (Onsdag kveld 2.12), før sjølve visitasgudstenesta i Ostereidet sundag 6.12 kl. 11, der biskopen kjem med eit visitasføredrag.  Endeleg program må eventuelt bli tilpassa Korona-situasjonen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"