Pinsedag - gudsteneste, ny liturgisk ordning og soknemøte

Pinsedag er kyrkja sin bursdag, og i år skjer det ekstra mykje! Det vert innført ny gudstenesteordning, mellom anna med ny musikk, og vi skal ha soknemøte om dette etter gudstenesta.

Pinsedag - gudsteneste, ny liturgisk ordning og soknemøte

Vel møtt til gudsteneste 1.pinsedag kl 11:00 i Manger kyrkje!

Heile Den norske kyrkja tek i bruk ny gudstenesteordning i desse tider. På Radøy, og mange andre stadar i Nordhordland, innfører vi den nye ordninga 1.pinsedag.

Endringane for vår del er ikkje så store. Det er nye samlings- og forbøner, og fornying av språkbruken i liturgien. Den største endringa du vil leggja merka til hjå oss er ein heilt ny melodi på "Kyrie Eleison". Denne er skreve av komponisten Halvdan Nedrejord, og har sine røtter i den samiske musikktradisjonen. Sjå litt lenger ned på sida for video, slik at du kan øve før du kjem i kyrkja!

Vi lagar også nye liturgihefte som vi deler ut til kyrkjelyden saman med salmeboka kvar søndag. Heftet ligg allereie klart på nettet.

Etter gudstenesta vil det vera eit soknemøte om den nye ordninga. Soknerådsleiar Gunnar Kartveit vil orientere om dei vedtaka soknerådet har gjort, og det vil vera høve til å koma med spørsmål og kommentarar. Merknadar frå soknemøte skal leggjast ved gudstenesteordninga vår ("grunnordninga") når den sendast til prosten for godkjenning.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"