Saman som kyrkje i heile verda

Ver med å bidra i eit krafttak for misjon!

Saman som kyrkje i heile verda

 

Kyrkja er lokal og global på same tid.  Ho er så lokal at me stoppar opp til og med ved eit lite barn når det vert døypt, seier namnet og markerer at «no er det deg det gjeld».  Og samstundes vert det vesle barnet teke inn i den globale kyrkja nettopp i dåpen.

Og no vert me alle utfordra som del av den globale kyrkja.  I mange land er det kyrkja som driv ein vesentleg del av helsearbeidet – slik det var her i landet for nokre tiår sidan.  Det er eit arbeid som når ut til dei aller mest sårbare.

Norske misjonsorganisasjonar samarbeider med lokal kyrkjer i mange land.  Fordelen med eit slikt samarbeid ser me no under korona-epidemien:  Dei har utdanna helsepersonell som kjenner språket og lokalsamfunnet, og som kan reisa innanlands under naudsynte smitteverntiltak – noko utlendingar ikkje kan.  Dei gjev helsehjelp, undervisning og informasjon, tufta på faglege råd.  Kort sagt:  Dette er livreddande arbeid.

Dette kan me vera med på!  Viruset har ført til at misjonsorganisasjonane taper inntekter.  Difor er det no etter pinse ein stor aksjon i gang:  Saman som kyrkje i heile verda. 

Det vil me vera med på her på Radøy.  Målet vårt er å samla inn til Det norske misjonsselskap, den organisasjonen Radøy kyrkjelyd har samarbeid med. Innsamla midlar vert øyremerka deira arbeid med koronatiltak. 

Viruset skaper avstand. Men felles engasjement sameiner oss.

Du kan bidra gjennom VIPPS nr 24055.  Merk gåva di NMS.

Takk!

              Gunnar Kartveit

  • soknerådsleiar

 

Oppdatert informasjon: Soknerådet har vedtatt å innvilge kr 5000 til denne aksjonen! Kor mykje klarar me som kyrkjelyd å samle inn til saman? 

Aksjonen varer fram til St.Hans- altså det er "berre å hive seg rundt":-) 

 

Les meir om aksjonen frå Bjørgvin bispedøme i lenkja under. 

Og følg aksjonen på facebook: https://www.facebook.com/groups/284938892532027/ 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"