Smittevernplan for gudstenester & kyrkjelege handlingar i Radøy sokn (oppdatert 03.12.2020)

Planen er utarbeidd av leiinga i Alver kyrkjelege fellesråd, kyrkjelege medarbeidarar i soknet, verneombod og tillitsvalde. Tillitsvald for prestane og prosten har også vore delaktige i drøftingsprosessen.

Smittevernplan for gudstenester & kyrkjelege handlingar i Radøy sokn (oppdatert 03.12.2020)

Versjon 1.5 - 3.desember 2020.

  1. Informasjon og skilting
  2. Informasjon for tilsette og frivillege medarbeidarar
    1. Reinhaldsrutinar
    2. Sjekkliste for reinhald mellom to påfølgjande arrangement
  3. Gudstenester og kyrkjelege handlingar
    1. Opplæring
    2. Inngang
    3. Dåp
    4. Nattverd
    5. Offer
    6. Utgang
    7. Vigsel
    8. Gravferd
    9. Open kyrkje
  4. Kartlegging av kyrkjeromma
  5. Versjonshistorikk

 

1.   Informasjon og skilting:

Det skal gjevast god informasjon på førehand om gjeldande smitteverntiltak på følgjande måter:

  • På soknet sine nettsider og kanalar på sosiale media.
  • Ved oppslag ved inngangane til kyrkja, også rullestolinngangen. Denne skal merkast med informasjon om at denne berre skal brukast av uføre eller til barnevogn.
  • Ved oppslag rundt om i kyrkjerommet. Her kan ein bruke plakatane til FHI eller Kirkerådet.
  • Under §1 Informasjonen, undervegs i gudstenesta, eller ved innleiiga til andre kyrkjelege handlingar.

 

Kunngjering på nettsider og oppslag

Smittevern i soknekyrkjene i Radøy

Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades.

Dei som kan vere korona-sjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje vere til stades på arrangement i kyrkja.

Rutinar for handhygiene og reinhald

Handsprit er tilgjengeleg ved inngangane og fleire andre stader. Dørhandtak, benkevangar og andre kontaktflater vert reingjort mellom kvart arrangement

God avstand og minst mogleg fysisk kontakt mellom personar

Hald avstand – minst éin meter – både inne og ute. Ved salmesong skal det vera minst to meter mellom husstandar.

Maksimalt 50 personar kan vere til stades i tillegg til medverkande. Benkane/stolrekkjene som ikkje er i bruk er stengt av/fjerna. På galleriet er sitjeplassar som kan brukast merka med lapp. 

Dersom det vert opna for fleire enn 50 deltakarar er det etter Covid-19-forskrifta berekna sitjeplass til 62 personar (Manger og Hordabø) / 58 personar (Sæbø). Dette fordi ansvarleg arrangør skal leggja til rette for at alle kan halde 1 meter avstand frå kvarandre.

Det vert inntil vidare ikkje servert kyrkjekaffi. Vi har dåpsgudstenester dei fleste søndagar kl 1230 og skal gjere kyrkja rein før dåpsfamiliane kjem.

Inntil vidare bruker vi ikkje salmebøker.

Gudstenesteprogram vert kasta etter bruk.

Instrument, mikrofonar, bøker etc. vert ikkje brukt av fleire personar.

Bruk av inventar og utstyr

Vi bruker ikkje salmebøker. Gudstenesteprogram vert kasta etter bruk. Instrument, mikrofonar, bøker etc. skal ikkje brukast av fleire personar.

 

2.   Informasjon for tilsette og frivillige medarbeidarar:

 

Reinhaldsrutinar

  • Lause sitteputer skal helst ikkje brukast.
  • Flygel-/pianotangentar av plast kan desinfiserast ved å bruke ein antibakteriell klut («wipes»). Orgeltangentar av tre bør ikkje desinfiserast. Dei som bruker instrumenta må praktisere ekstra god handhygiene. Det må vere berre éin brukar per arrangement.
  • Handsprit skal vere tilgjengeleg ved inngangar, i sakristia, på altaret, ved lesepulten, ved orgelet og pianoet og ved døypefonten.
  • Utstyr som er brukt skal reingjerast før neste bruk. Dette gjeld også altar, lesepult, mikrofonar, flater i sakristiet.
  • Benkevangar og fronten på benkeseter skal vaskast før neste bruk.
  • Toalett må reingjerast før neste bruk.
  • Dørhandtak og andre kontaktflatar skal reingjerast før neste bruk
  • Nattverdbeger vert vaska først i kum, så med damping (vanleg prosedyre).

 

Sjekkliste for reinhald mellom to påfølgjande arrangement (for alle medarbeidarar):

  • Benkevangar og benkeseter
  • Nattverdutstyr (men kalkar trengs ikkje ved 50-begrensing på deltakarar)
  • Flatar og utstyr som blir brukt av nye personar i neste gudsteneste (mikrofonar, lesepult, altar, klokkarpult)
  • Toalett og servantar
  • Trappegelender
  • Benkar på galleri og gelender på galleri viss det har vore brukt.

Vi legg opp til 30 minutt mellom kvart arrangement. Alle medarbeidarar vert med på reinhaldsrunden og fordeler oppgåvene mellom seg.

 

3.   Gudstenester og kyrkjelege handlingar:

Opplæring

Det vil bli gitt opplæring til alle frivillege og tilsette medarbeidarar på møte før gudstenesta. Kyrkjetenar står for opplæringa, fram til andre har tilstrekkeleg kunnskap til å ta seg av denne. Forrettande prest har hovudansvaret for gudstenesta og har avgjerdsmynde dersom det skulle bli usemje om framgangsmåtar osv.

Inngang

Inngangsdørene skal helst stå opne under inngangstida for å unngå berøring.

Det vert plassert ut handsprit i våpenhuset og ved rullestolinngang.

Det bør vere minst 2 kyrkjevertar. Kyrkjevertane må passe på at det ikkje er fleire personar til stades enn det etter forskrifta er plass til. Dette løysast ved å bruke nummerte namnelister ved inngangen. Ein kyrkjevert registrerer namn på besøkande og opplyser om at listene vert sletta etter 10 dagar. Ein annan kyrkjevert kan vise folk plassering i benkeradane. Denne lyt òg følgje med om det kjem nokon inn ved rullestolinngangen framme (Manger) og syte for at også dei vert telte og registrert.

Det skal vere informasjon om avstand og eventuelt ordning for nattverd under §1 Informasjonen og elles i gudstenesta. Forrettande prest er ansvarleg for at dette vert gjort.

Lysgloben kan brukast dersom lysa er sett i stakane frå før og ein kan ta eit lys derifrå, tenne det og setje tilbake. 

 

Dåp

  • Presten skal på førehand informere dåpsfamilien om kva reglar som gjeld når dei kjem i kyrkja.
  • Dåpssakristiet kan brukast, men utan leiker o.l. inntil vidare.
  • Dåpsfølgjet som går fram til døypefonten bør bestå av få personar.
  • Dåpsklut skal kun handsamast av familien under dåpshandlinga. Vert lagt på plass på førehand av kyrkjetenar med god handhygiene.
  • Presten må vaske hendene grundig før dåpen, då kan dåpshandlinga gjennomførast på vanleg måte.
  • Dersom det er medliturg til stades, må denne halde god avstand.
  • Dåpslys/attest: Kyrkjetenar handterer med god handhygiene.

 

Nattverd

Det skal ikkje vere direkte kontakt mellom nattverdutdelar, elementa og kommunikant. Inntil vidare bruker vi intinksjon. Prest og medliturg står på kvar si side av teppet i midtgongen. Det vert avstandsmerking på golvet framfor dei (1m). I midtgangen står det bord med særkalkar samt ei pumpeflaske med handsprit. Kalkane kan gjerne dekkast til med ein handduk fram til bruk. Kyrkjetenar legg oblatar i særkalkane på førehand.

Kommunikanten tek ein kalk frå bordet og går fram til presten som seier tilseiingsorda. Kommunikanten tek sjølv brødet i munnen og går deretter til medliturgen. Kommunikanten heldt kalken fram og får vin i den. Etter nattverd set ein kalken på eit anna bord ut på sida. 

Alle må gå ut på sida på veg tilbake, slik at ein ikkje møter andre på vegen. Forrettande prest eller medliturg skal gje tydeleg informasjon om korleis utdelinga går føre seg, t.d. rad for rad, først på den sida og så på den sida.

Alle som førebur og deler ut nattverdselementa skal praktisere god handhygiene.

Særkalkane vert vaska først i kum, så med damping (vanleg prosedyre).

 

Offer

Det blir ikkje sendt offerkorger rundt i benkane. Offerkorg vert plassert ved utgangen, men vi oppmodar til mest mogleg bruk av Vipps.

 

Utgang

Ved avslutning oppmoder vi om at folk ikkje samlar seg i kyrkjerommet, eller samlar seg i større grupper utandørs.

 

Vigsel

Berre brureparet og forlovarar står saman med presten ved altaret.

Presten må ha god handhygiene i forkant og etterkant. Då kan ekteskapsinngåing og forbøn med handspålegging gjennomførast på vanleg måte.

 

Gravferd

Alle tilsette må forhalde seg til Alver kyrkjelege fellesråd sine vedtekne retningsliner for smittevern i gravferd. Forrettande prest skal gje informasjon til frammøte i samsvar med denne planen.

Det vert anbefalt at inngangsdøra vert ståande opa på førehand for å unngå kontakt med dørhandtak. Trykte program eller salmeark bør brukast i staden for salmebøker. Utandørs må ein også sørge for at det ikkje vert større samlingar enn at alle kan halde god avstand.

 

Open kyrkje

Kyrkja kan vere open for lystenning, bøn og samtale. Reglane for smittevern og reinhald må følgjast.

 

4.   Kartlegging av kyrkjeromma:

Det vert utarbeidd sitjeplanar som syner kva benkar eller stolrekkjer skal brukast. Benkeradar og stolrekkjer som ikkje kan brukast skal sperrast av.

Det er plass til tre einskildpersonar, to par eller éin familie per benk. (Eit par er to personar frå same husstand).

I koret er det plass til prest (eventuelt to prestar), og ein medliturg.

Ansvarleg arrangør skal leggja til rette for at alle kan éin (1) meter avstand til kvarandre. Utfrå dette er det berekna sitjeplass til 62 personar (Manger og Hordabø) / 58 personar (Sæbø). Det vil vera mogleg å samla fleire enn dette dersom mange høyrer til same husstand.

 

Versjonshistorikk

1.50 Oppdateringar etter nye nasjonale føringar frå Kyrkjerådet.
            - Oppdatert teksten under «kunngjering på nettsider og oppslag»
            - §3 Gravferd: Oppdatert teksten for å ta høgde for Alver sine reglar.

1.02 Oppdateringar etter nye nasjonale retningsliner og lokale erfaringar:
            - Oppdatert teksten under «kunngjering på nettsider og oppslag»
            - §2 Lause sitjeputer skal helst ikkje brukast.
            - §2 Vi legg opp til 30 minutt mellom kvart arrangement (var 45)
            - §3 Inngang: Minst 2 kyrkjevertar (var 3). Teksten ellers oppdatert deretter.
            - §3 Lysgloben: Endra teksten etter lokale erfaringar.
            - §3 Nattverd: Små tekstuelle endringar etter lokale erfaringar.
            - §3 Gravferd: Oppdatert teksten for å ta høgde for nasjonale føringar.
            - §4 Kartlegging av kyrkjeromma: Nye tall for antall berekna sitjeplassar.

1.01 Oppdatering av sjekklista.

1.00 Publisert på kyrkja.no/radoy – første offentleg versjon.

0.99e  Små språklege rettingar og utfylling av dato i sjekklista.
0.99d  Presisering kring bruken av lysgloben ved gudstenester.

0.99c  Lagt til punkt om å sikre registrering av dei som bruker rullestolinngang.

0.99b. Oppdatert info om piano/orgeltangentar etter informasjon frå fagfolk.
Endra ansvarleg for opplæring før gudstenesta til kyrkjetenar (frå prest/DL).
Fjerna punktet om utskifting av dåpsvatn etter avklaring frå DnK sentralt.
Justert punktet om dåpsklut etter informasjon frå DnK sentralt/lokal praksis.
Justert rutinane kring nattverd etter stabssamling i kyrkja 15.05.2020.
Justert sjekklista/ansvarsfordeling etter stabssamling i kyrkja 15.05.2020.
Mindre språklege og typografiske justeringar.

0.99a Språkendringar (kyrkjekaffi); punkt om barnevogn (pkt.1)

0.99 Omskreve frå Meland sin plan med lettare tilpassingar til tilhøva på Radøy.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"