Korleis vert det å gå i kyrkja framover?

Vi gler oss til å kunne samlast til gudsteneste i kyrkjene igjen. Ved å følgje nokre enkle reglar vil vi trygt kunne feira gudsteneste saman. Vi ber alle som har tenkt seg i kyrkja om å lese denne informasjonen på førehand.

Korleis vert det å gå i kyrkja framover?

Smittevern i soknekyrkjene i Radøy

Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades.

Dei som kan vere korona-sjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje vere til stades på arrangement i kyrkja.

Rutinar for handhygiene og reinhald

Handsprit er tilgjengeleg ved inngangane og fleire andre stader. Dørhandtak, benkevangar og andre kontaktflater vert reingjort mellom kvart arrangement

God avstand og minst mogleg fysisk kontakt mellom personar

Hald avstand – minst éin meter – både inne og ute. Dette gjeld ikkje personar i same husstand.

Maksimalt 50 personar kan vere til stades i tillegg til medverkande. Benkane som ikkje er i bruk er stengt av. Andre benkar har plass til inntil 3 personar som ikkje  er i same husstand (eventuelt 2 par eller ein familie)

Det vert ikkje servert kyrkjekaffi.

Bruk av inventar og utstyr

Vi bruker ikkje salmebøker. Gudstenesteprogram vert kasta etter bruk. Instrument, mikrofonar, bøker etc. skal ikkje brukast av fleire personar.

Registrering av deltakarar

Styresmaktene har bestemt at vi må ha oversikt over kven som er i kyrkja, slik at vi kan bidra ved eventuell smitteoppsporing. Vi registrerer namn og mobilnummer på dei som møter opp. Registreringslista vert oppbevart i 10 dagar før den vert makulert. Dette jfr. Covid-19-forskriftens §13.

Fullstendig plan for smittevern ved gudstenester og kyrkjelege handlingar

Det er utarbeidd ein detaljert plan for smittevern ved gudstenester og kyrkjelege handlingar som du kan lesa her.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"