Tilbod frå kyrkja denne påska

Det vert ei annleis påskehøgtid enn vi hadde tenkt oss, men kyrkja på Radøy er til stades for deg - berre på litt andre måtar!

Foto: Pixabay

Ikkje gudsteneste, men opa kyrkje

Vi kan ikkje samlast til gudsteneste som planlagt, men har tilbod om opa kyrkje både Skjærtorsdag, Langfredag og Påskedag. Du kan koma innom, be ei stille bøn og tenna eit ljos. I kyrkja er det òg stilt ut nokre måleri av Elna Bauge.

  • Skjærtorsdag. Manger kyrkje er opa frå kl 17:30 til 18:30.
  • Langfredag. Manger kyrkje er opa frå kl 17:30 til 18:30.
  • Påskedag. Manger kyrkje er opa frå kl 12:30 til 13:30.

 

Digitale gudstenester frå Knarvik kyrkje

Knarvik kyrkje vil strøyme direktesende gudstenester tre dagar i påskeveka. Fleire medverkande frå dei ulike sokna i Alver vil vera med.

  • Skjærtorsdag. Digital gudsteneste kl 18:00.
  • Langfredag. Digital gudsteneste kl 11:00.
  • Påskedag. Digital gudsteneste kl 11:00.

Gudstenestene går direkte men vil også vera tilgjengelege i éi veke etter sending. Følg med på Knarvik kyrkje si side for lenkjer.

 

Nokon å snakka med?

Dersom du treng nokon å snakke med, eller vil be om forbøn kan du ringja sokneprest eller diakon. De kan ha samtalar over telefon. 

  • Sokneprest Kjell Sekkingstad, tlf: 951 41 360
  • Diakon Gudveig Kartveit Sundsbø, tlf: 938 40 587

Dersom du ønskjer å snakka med nokon anonymt kan du chatte via nettkyrkja.no

Det går òg an å ta kontakt med Kirkens SOS

Du finn fleire digitale fellesskap hjå kyrkja her.

Vi oppmodar alle om å ta vare på kvarandre - på fysisk avstand. Dersom du kjenner nokon som treng litt ekstra på denne tida; ein prat på telefon, ein handletur, eller anna, bruk denne tida til å vere rause!

 

Orgelmusikk frå Manger kyrkje

Organist William Kay spelte inn fleire improvisasjonar i faste- og påsketida 2020. Desse kan du framleis høyre her:

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"