Gjennom song og rørsle vil du sjå kor mykje babyen din gler seg over musikken, og over å vera saman med deg. Den beste stemma til barnet ditt er nettopp di stemme!
Me syng kjende og nye songar som passar for babyar. Me bruker blant anna ulike instrument, farga tyll og såpebobler, for ei brei sanseoppleving.
Alle er velkomne og songstemme er ikkje eit krav (Som nemnt: same kva songstemme du har, er det den beste stemma for ditt barn:-)).
Etter songstunda (ca 20 minutter) inviterer me til leikestund, og serverar kaffi og frukt. Ta gjerne med matpakken, så et me lunsj saman.
Kvar tysdag, kl 11 - 12 på Rasteplassen, ved kyrkjekontoret. Adresse er Idrettsvegen 1A.
Følg facebooksida: Babysong i Manger kyrkje!