«Eg var usikker på kor mykje eg kom til å fortelje om eiga sorg, men eg visste eg trengte ein stad å få støtte og hjelp til å leve med sorga. Her i gruppa er det lett å dele, det er ingenting som er feil å seie.» Tidlegare deltakar i sorggruppa.
Sorg er ein naturleg og sunn reaksjon på tap av nokon ein er glad i. Ei tid etter eit tap vil mange oppleve at det er godt å treffe andre som har vore gjennom noko av det same.
Kyrkja i Alver og Kreftkoordinator i Alver kommune ønskjer å vere til hjelp med å tilby sorggruppe for menneske som opplever sorg. I gruppa kan ein setje ord på kjensler, tankar og opplevingar kring sorg og tap, og saman med andre i liknande situasjon få hjelp til å finne styrke til å gå vidare med tapet.
Sorggruppene er leia av to personar som er til stades for å støtte gruppa, gje informasjon og vandre saman med gruppa i sorglandskapet.
Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap.
- Ei sorggruppe er eit tilbod om støtte til etterlatte etter dødsfall
- Gruppa har 4-8 deltakarar, som møtes til faste tidspunkt
- Kvar samling er 1,5 time
- Gruppa samlast mellom 8 og 10 gonger, ut frå talet på deltakarar
- Gruppa er for alle– uavhengig av livssyn, eller bakgrunn for dødsfall
- Ein vel sjølv kor mykje ein vil dele
- Gruppa baserer seg på gjensidig teieplikt
- Gruppa er gratis
- Gruppa vert leia av to personar.
«Eg var først skeptisk til at dette kunne vere noko for meg. Men eg kjente raskt at her var det godt å vere. Me er alle ulike, men me kjenner oss igjen i kvarandre si historie.» Tidlegare deltakar i sorggruppa.
For påmelding til sorggruppe, kontakt ein av diakonane på telefon eller epost, Ruben eller Gudveig, sjå under for kontaktinformasjon.