Stilling ledig:    Kyrkjelydspedagog/trusopplærar

Bremanger kyrkjeleg fellesråd har frå 15.08.2017 ledig 60 % stilling som kyrkjelydspedagog/ trusopplærar, fordelt med ca. 40 % i ytre Bremanger og 20 % i Rugsund, Davik og Ålfoten sokn.

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med i underkant 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no. Informasjon om kyrkja finn du på www.bremangerkyrkja.no.

Kyrkja i Bremanger ønskjer å formidle EIN LEVANDE GUD og vere ei levande kyrkje for folket i Bremanger. Vi har mange flotte ulønna og lønna medarbeidarar som gjer ein kjempeinnsats innan søndagsskular, barnekor og anna barne- og ungdomsarbeid.

Vi ønskjer å tilsette ein person som saman med sokneråda, dei andre tilsette og frivillige, kan vere med å løfte det kyrkjelege arbeidet fram, slik at vi kan femne bredt med våre tilbod.

Arbeidsoppgåver:

  • Saman med dei andre trusopplærarane, ha fokus på dei kontinuerlige tiltaka og trusopplæringa i Bremanger.
  • Saman med prestane og dei andre trusopplærarane, planlegge og gjennomføre konfirmantarbeidet.

Kyrkjelydspedagogen/ trusopplæraren vil inngå i teamarbeid med dei andre tilsette og ha påverknad i utforminga av stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar som t.d. at ein liker å arbeide med born og unge.
  • Høgare utdanning innan pedagogikk og kristendom.
  • Anna høgare utdanning kan og vere relevant.
  • Du må vere sjølvstendig i ditt arbeid og ha evne til samarbeid.
  • God til å formidle gjennom ulike metodar, t.d. musikk, dans, idrett, friluftsliv, drama og forteljing.

Personar utan formelle faglege kvalifikasjonar kan og vere aktuelle for stillinga.

Stillinga vert lønna etter avtale. Tilsetjing skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Det er 6 månaders prøvetid for stillinga. Pensjonsordning gjennom KLP. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja og legge fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest). Du må disponere bil.

Kyrkjekontoret i Kalvåg er i utgangspunktet den daglege arbeidsplassen.

Dersom du er interessert, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje Knut Arne Vadøy på tlf. 952 29 770 eller fellesrådsmedlem Synnøve S. Wiik på tlf. 480 41 895.

Søknad med CV og rettkjende vitnemål og attestar må sendast til: Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller e-post: kav@bremanger.kommune.no, innan 24.07. 2017.

 Kyrkjeverje