Konfirmant 2018!

Vi vil med glede invitere deg som er født i 2003 til ei spanande konfirmasjonstid i Fjell, Foldnes og Landro sokn. Nå er registereringa for konfirmantåret 2018 åpna!

Konfirmasjonstida heng saman med dåpen. I dåpen fekk du trua som gåve, og i konfirmasjonen får du moglegheit til å stadfeste at du vil leve i denne trua. Gud ønskjer også å stadfeste at han har omsorg for deg og elskar deg. Det vil vi snakke mykje om i konfirmasjonstida.

Dei fleste av 9. klassingane i Fjell, vel å følgje konfirmasjonsopplegget i kyrkja. Er du usikker på kva du skal velje, er du velkomen til å bli med i konfirmasjonstida, og ta eit val etter kvart.

Konfirmantåret startar med T14-dagen i slutten av august, og varar til konfirmasjonsgudstenesta i mai.

Alle som ønskjer å vere konfirmant i Fjell må registrere seg på nettsida.

Frist for registrering er 20. juni.

Vi vil gjere det mogleg for alle som ønskjer det, å vere konfirmant. Det kan vere mange årsaker til at det kan vere vanskeleg å følgje det ordinære opplegget som er sett opp.

Om det er funksjonshemmingar, sosiale vanskar, sjukdom eller anna som gjer det utfordrande for konfirmanten å følgje opplegget, ønskjer vi svært gjerne å kome i kontakt med foreldre/føresette og konfirmanten slik at vi saman finn ei god løysing for konfirmasjonstida.
Ulike tiltak kan til dømes vere: ein-til-ein undervising, undervisning i mindre grupper eller annan tilrettelegging.

Kontaktinformasjon for Konfirmasjon Fjell, Foldnes og Landro sokn

Besøk oss på Temahuset!

Tytebærbrekko 2, Straume

Opent kvardagar 9-15

Postboks 184

5342 STRAUME

Telefon: 55 09 74 40

post.kyrkja@fjell.kommune.no

NO 976 995 201 MVA

Kontonummer: 8580.14.09453