Konfirmasjon 2019

Då er datoane klare for konfirmasjon i 2019!

Fjell kyrkje

Søndag 5. mai: Kolltveit (Ekerhovd) – Skålevik (Algrøy/Syltøy) – Tellnes

Laurdag 11. mai: Knappskog – Ulveset

Foldnes kyrkje

Laurdag 4. mai: Foldnes

Søndag 5. mai: Hjelteryggen – Liljevatnet

Søndag 12. mai: Bjorøy – Brattholmen  

Landro kyrkje

Laurdag 11. mai: Landro – Misje – Spjeld

Søndag 12. mai: Ågotnes

I utgangspunktet blir alle konfirmantane konfirmert i den kyrkja dei soknar til. Dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, kan ein be om ei anna kyrkje eller ein annan dag.

Dersom det blir for mange påmeldte på ein dag, vil dei som kjem frå den oppsette krinsen bli prioriterte. Dette gjeld særleg laurdag 4. mai i Foldnes kyrkje

 

Klokkeslett for konfirmasjonsgudstenesta

Det vil bli to konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane (kl.10.30 og kl.12.30). Kva krins som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er.

Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen.

 

Endringar på grunn av soknedeling

1.november 2015 blei Fjell kommune delt inn i tre sokn. Dette får konsekvensar for nokre av konfirmantane frå Knappskog krins.

Tidlegare har konfirmantar frå Knappskog kunne velje mellom konfirmasjon i Fjell eller Landro kyrkje. Nå er det satt opp nye soknegrenser, så alle som bur i Knappskog krins soknar til Fjell kyrkje. Unntaket er dei som bur på Spjeld, som soknar til Landro kyrkje.
(Spjeld= Fløythaugen, Malenevegen, Skjergardsvegen nr. 1091-1136, Spjeldsfjellet, Spjeldshaugen, Spjeldsvegen, Vindskarvegen og Øvre Spjeld.)

 

Det vil bli påmelding til konfirmantåret på nettsida etter 1.mai.

Kontaktinformasjon for Konfirmasjon Fjell, Foldnes og Landro sokn

Besøk oss på Temahuset!

Tytebærbrekko 2, Straume

Opent kvardagar 9-15

Postboks 184

5342 STRAUME

Telefon: 55 09 74 40

post.kyrkja@fjell.kommune.no

NO 976 995 201 MVA

Kontonummer: 8580.14.09453