Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Nytt tilbod med radiogudstenester i Fjell kyrkje

I haust startar vi opp eit nytt tilbod med radiogudstenester i Fjell kyrkje den siste søndagen i månaden. Gudstenestene vert kl. 17.00, med kyrkjekaffi i forkant frå kl. 16.15. (Den same søndagen er det ikkje gudsteneste i Fjell kyrkje kl.11.)

Det er ei gruppe kyrkjefolk som er medlemmer i Den norske kyrkja, som har arbeidd fram dette prosjektet. Vi har møtt godvilje frå Bjørgvin bispekontor, prosten, kyrkje-administrasjonen og soknerådet og ser med forventning og spenning fram mot den første gudstenesta søndag 30. september!

Gudstenestene, som skal vara i vel ein time, vert arrangerte i samarbeid med P7 / Kristen Riksradio og vert difor kalla ”Radiogudstenesta”. Redigert opptak vert sendt  søndagen 14 dagar seinare av P7.  

Velkomen til den første Radio­gudstenesta søndag 30. september kl. 17.00!